Hei, eg kjenner deg, eg hugsar deg frå NRK Og me ler og preikar drit I grelt ljos på eit holt platå Men framleis held me lag Med våre pillar, pulver, kjenslespel Det vert lettare kvar dag Kvar time likesæla slår ihel Her kjem Judas inn i engledrakt Gir vekk knep frå stordomstid Einsam over alt Skiten, rik på ein melodi Og over senga har han bilete av heltar som er nå Falma, gule, skitne og grå Eg trekk opp vinen Og eg drikk for all den von eg ein gong bar Før eg tek ho med til draumeland