Taake - Dei vil alltid klaga og kyta lyrics

Published

0 302 0

Taake - Dei vil alltid klaga og kyta lyrics

Dei vil alltid klaga og kyta, at me ganga so seint og so smaatt; men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta: me skal koma, um inkje so braadt. Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar (som no ingen kann undrast uppaa); men det munar daa jamt, ja det munar, so det stundom er Hugnad aa sjaa. Lat det ganga fram, lat det siga! Berre eitt eg ynskjer og bed: at me inkje so høgt maatte stiga, at me gløyma vaar Fedra-Sed. Lat oss inkje Forfederne gløyma, under alt, som me venda og snu; for dei gav oss ein Arv til aa gøyma, han er større, en mange vil tru. Lat det merkast i meir en i Ordi, at me halda den Arven i Stand, at naar Federne sjaa att paa Jordi, dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.

You need to sign in for commenting.
No comments yet.