DEN NORSKE SUMAREN Havet ligg i natti blåsvarte tonar Ein ser svane sankar skjel Ein ser hegre brenner bål Liner glid til himmels * Soli vart kaldare enn månen Dagen vart raud um munnen Dine varme små hender heldt meg i regnet * Um hausten lyfter ein sumaren upp or havet, drypande pakkar honom i presenning til soli kjem att