Så kvil deg no min kjære Lat kroppen din få fred Eg ser augo dine smile Når du stille legg deg ned Vi har vandra gjennom dagen Vi har saman gjeve han liv Og når alle lydar stilnar Slik som kvitringar i siv Ooh, vi vandrar saman Eg følgjer der du går Ooh, gjev meg handa Lat månader bli år Så takk då for ditt ljose smil Og takk for dine ord La all mi glede stige Slik som tonar frå eit kor Og stille kjem no natta Og ditt ansikt fell til ro Så godt å vera saman Så godt å vera to Ooh, vi vandrar saman Eg følgjer der du går Ooh, gjev meg handa Lat månader bli år Ooh, vi vandrar saman Eg følgjer der du går Ooh, gjev meg handa Lat månader bli år