Endre Kirkesola og Blodsmak - Når eg døyr lyrics

Published

0 194 0

Endre Kirkesola og Blodsmak - Når eg døyr lyrics

[vers 1] I framandt land ligg i pine, ligg i blod I framandt land Med død i hand Møtte blikket før eg gav han død i hand Hugsar ikkje kva eg sa men eg drap ein mann [vers 2] Det var vi to Vi delte alt i liv og død Det var vi to Du var min bror Fekk aldri sagt eg elska deg du var min bror No skal vi vandre same veg min kjære bror [vers 3] Kva er eg verd? Eit rive flagg på blodig mark Kva er eg verd? Mi siste ferd Eg ante ikkje kor ho bar mi siste ferd No vil eg endelig få svar mi siste ferd [Chorus] Men når eg døyr Når eg vel er slått i hel når eg døyr Kven vil gråta for mi sjel når eg døyr? [vers 4] Eg hadde alt No har eg ingenting igjen Eg hadde alt Det var før eg fall Før eg sveik min beste venn før eg fall Der i djupet vil eg brenne for eg har fall [Chorus] Men når eg døyr Når dei legg ned mine bein når eg døyr Kva vil dei skriva på min stein når eg døyr? [solo - break] [vers 5] Mine siste ord Er dei eg kviskra utan skam Mine siste ord Vår herre stor Vil du ta meg godt imot vår herre stor Eg fikk aldri gjort mi bot snart blir eg jord [Chorus] Når eg døyr Når du ser alt eg har gjort når eg døyr Vil du opne himmelporten når eg døyr? Så når eg døyr Kven vil opne opp si grind når eg døyr? Vær så snill, slepp meg inn Når eg døyr

You need to sign in for commenting.
No comments yet.