Eg og du me har blitt vaksne ilag Kava lenge på i ein gudsforlatt dal Og eg var der då du sto på kanten i Vietnam Og eg var der då du mista han far For når det raknar for deg Så let eg det rakne eg med Hugsar du den gongen eg raserte stugu di? Drita full og høg på sjalusi Eg hugsa korleis du ikkje sa eit ord Eg hugsa berre kor jævlig hardt du slo Og om det raknar for meg Så let du det rakne du med Og her ein dagen såg eg at du hadde blitt ein mann Ein som ikkje berre vil, men ein som også kan Og då tenkte eg på meg og deg Og alt me skulle brenne ned For når det raknar for meg Så let du det rakne du med