Når vibå e komen, og vårsolå blør
- over havet - ved bligredagsleitet;
Då ungdommen vaknar - og barndommen dør;
Og rett mange dei ynskjer - og veit det.
Ein held om ei ung og ei jentemjuk hand;
Når han går heim frå helgenattsdansen.
Og guten ho leier er heit som ein brann,
Men han fryse - i solrenningsglansen.
Og ingen veit heilt kvar dei gjere seg av,
For dei fotlette fara i snøen,
Vert vaska av regn som sig inn i fra hav
- og snart skine det grønt over bøen.
Hald i handa mi du.
Hald meg tett innte deg.
Hald meg slik at eg kjenne eg leve!
Det kveldest så - etter ein vårvarme dag,
Og foreldra spøre - og ber enn.
Men det bryr ikkje dei to som søve i lag
- og no sige det natt over jæren.
Slik ligge dei fredfullt og søve dei to
- dei som no er dei enaste rette -
- med hender som famnar, men ligge i ro
- dei er kvinne og mann etter dette-