Eg sitte å tenke på
kor honden blei av.
Det va når eg va liden
og før eg blei sliden
at eg fekk meg ein bu-hond
te å ta meg av.
Eg sitte å tenke på
ein heile oktav.
Det va når eg va unge
og før eg blei tunge
at eg spelte piano
men kor blei det av.
Eg sitte å tenke på
når eg stilde krav.
Det va når eg va spretten
og før eg blei skvetten
at eg sto på og talte
med store bokstav.
Eg sitte å tenke på
kor damå blei av.
Det va når eg va myge
og før eg blei syge
mens eg ennå følte
før alt blei et krav.