Vinden bles hår frå ditt andlet
Du venta på balkongen ein doggfrisk sommardag
Eg les ut av andletet ditt at du ottast
Kjem han her i dag?
Du er vekke i morgon tidleg
Men dette sa du jo òg i går
Eg trur eg ser deg i heile sommar
Ventande på den som fór i frå
Du kjem til å nytta blåbærstakken
Han likte den, det sa din ven
Og kanskje ein morgon kjem han attende
Og alt blir bra igjen
Du er vekke i morgon tidleg
Men dette sa du jo òg i går
Eg trur eg ser deg i heile sommar
Ventande på den som fór i frå