Der sit han som eingong sa
At eg va ein klovn på livets arena
Han er ein orm med giftig bitt
Ein sann kødd med reptilblikk
Han sa eg kom te angre på mitt liv
For eg skriv sanga og overdriv
Kunne ha spent på crossjoggeskoen
Kunne ha jobba i administrasjon
Stramma inn buksebeltet
Men eg vil satse på kunstfeltet
Mot kaos skal eg sloss
For å få eit lite pust tå kosmos
Det kan bli tungt
Når det tvinga seg fram
Det kan bli vondt
Å bli fri med sang
Her kjem Bjella med komp
Tvangsgutan kompani
Etter førti år på min himmelveg
Går eg framleis med barnesteg
Med indre arbeid i hundre prosent
Er lite vunne og lite tent
Har høyrt koss det buldra over åsen
Har sett eit varmt hjarta bli frosen
Eg lengta ut so ville eg heim
Local is the universe, sa ein
So eg gjekk burt vegen for å sjå
Det store i det små
Då eg såg inn i framtide mi
Vart eg ufør ei vikus tid
Det kan bli tungt
Når det tvinga seg fram
Det kan bli vondt
Å bli fri med sang
Her kjem Bjella med komp
Tvangsgutan kompani