Har sett det ryk lenger ned
Der bur det ein te
Som styre på med sitt
Eg har vurdert å ta ein tur
Dit han andre bur
Og fortelja om mitt
Kunne ha siti ved eit kjøkenbord
Sett ut glaset mens tankan fôr
Over Sangenut
Det har bygd seg upp so mangt
Kjekt å møte folk i blant
Koma seg litt ut
Har alder meint å presse meg på
Men det kunne ha vore interessant å
Sjå og høyre koss andre lev og bur
Kanskje har eg eit par tips på lur
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
Som står bak gardine som ein skugge
Bli eg stille og går tom
Kan me la radion
Ta seg tå praten min
Me kunne ha køyrt ein tur i soln
Uppå åsen på inspeksjon
Som kompetanseteam
Har alder meint å presse meg på
Men det kunne ha vore interessant å
Orientere om siste nytt
Tilstandsrapport frå ein lenger upp
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
Som står bak gardine som ein skugge
Om du treng ein venn midt i viku ell på fest
So veit du kem som gjedne kjem som gjest
Det er sure folk alle stad
Ko er det dei alle ha
Mista true på?
Sjøl er eg sosial og lysteleg
Sjøl om det ikkje alltid er
Like lett å sjå
Har alder meint å presse meg på
Men det kunna vore interessant å
Prate litt om ting me burde ha gjort no
Og om dagens høge tempo
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
Som står bak gardine som ein skugge
Om du treng ein venn midt i viku ell på fest
So veit du kem som gjedne kjem som gjest