Det va andredagsfesten, søte Jorunn forstod
Du kan tenkji deg resten, e flutte heim te ho
Me drog ut frå sentrum som nyforelska par
E satsa alt på Jorunn og hennas forfalne gard
Mamma va skeptisk, det her har e sett før
Du tek stor risk, du gløyme deg sjøl
Du øydelegg ryggen, den er endå ikkje fin
Etter tre år i skuggen hjå Berit i Øydelien
Det her er karriera mi
Det er det einaste e kan
Og vera fyrsteelskar ei tid
Og seta gamle hus i stand
No har e flutt lenger inn, der ligg det endå ein gard
Med stolte Kristin og ein pleietrengande far
Kristin si ho elska meg, e er slik ho har drøymt
E bytta tak so e dett ned, ryggdiagnosa er gløymt
Og du då? Går du alltid med trygge steg?
Du då? Flyg alder hjarta ditt i veg?
No er det e og Anna, det va ho som fann meg
Ho er fiks ferdig utdanna, vil etablere seg
Etableringsfasen kan vera lang