Dagsens auga sloknar ut,
kveldsol ned i vester glader,
skuggen stig frå dal til nut,
mørket sigrar alle stader.
Jesus, hjartans sol og skatt,
Jesus, ver mitt lys i natt!
Kvar ei kveldstund når eg fer
etter dagsens strid til kvila,
ver meg med din nåde nær,
lat di åsyn til meg smila!
Lat du mildt mitt auga att,
Jesus, ver mitt lys i natt!
Lys du over meg din fred,
Jesus, ver mi sol og stjerna!
Livssol, som går aldri ned,
meg mot mørkets hugskott verna!
Stjerna, over huset statt,
Jesus, ver mitt lys i natt!