Det hev ei rose sprunge Ut av ei rot så grann Som fedrane hev sunge: Av lsais rot ho rann Og var ein blome blid Midt i den kalde vinter Ved mørke rnidnattstid Om denne rosa eine Er sagt Jesajas ord Maria møy, den reine Bar rosa til vår jord
Og Herrens miskunnsmakt Det store under gjorde Som var i spådom sagt Guds rose ljuvleg angar Og skin i jordlivs natt Når hennar ljos oss fangar Ho vert vår beste skatt Me syng i englelag: No er det fødd ein Frelsar Og natti vart til dag