Jordi søv i sitt vinterlin
Bjørki den unge, rimkvit og fin
Stend som i sylvet skjòri
Eller som bygd av stjerneskin
Kvite møyar som gjeng i Ring;
Stille sviv dei i sting og sving
Det er som ein dans i draumar
Til takt av stilslegt sylvklokke-kling
Det er som ein dans i draumar
Jordi søv i sin vinterblund
Tusund av diamantar
Glimar um grein i den frosne Lund
Bygde er dei av Lufti blaa;
Kjloar av Maaneflor hev dei paa;
Sauma med Stjerneglitter
Løynande lett dei Barmar småå'
Det er som ein dans i draumar
Jordi søv i sin vinterblund
Tusund av diamantar
Glimar um grein i den frosne Lund