Eg ser utover havet
Alt er stille no
Ditt andlet i mitt indre
Fastbrent i mitt sinn
Ei openberring av jordsleg art
Etterlot meg naken, utan makt
Sanselaust berusa, tapt i ditt blikk
Eg såg meg sjølv gå under
Men flammen gav meg fred
Bølgjeslag mot hjarteslag
Fortapt i alt mitt hat
Utan grenser, utan håp
Eg lot mi sjel forgå
Hatet rår!
Iskalde kjensler, lamma av nag
Fødd mellom skuggar og skam
Ut frå det stille eit helvetes kall
Kvalt av ei ljosfri verd
Lagnaden lir!
Svartna sinn, ser dauden nær
Håpet svinn!
Eg vakar gjennom natta
Heimsøkt av mine draumar
Mitt svik var størst av alle
Mi sorg er utan trøyst
Endesongens siste farvel
Ein klagesong i det fjerne
Ein song som stig i styrke
Ein song som stig i kraft